Morgonstund

Denna veka fekk ein annleis start enn eg hadde på, men det er det ingenting å gjere med. Kjærasten måtte reise ut på jobb i dag tidleg, og so snill som eg er køyrte eg han. Fekk kombinere det med ein liten gåtur i tillegg. I dag kom eg og sola til toppen på Kaupangerholten samstundes. Etter det reiste eg på alle matbutikkane for å hamstra til påske og for å få litt mat i frysen! Fekk frysen i går, so det passa jo supert. No skal eg på butikkane, igjen, men denne gongen med mamma. Elles har eg store plana om å bli inne i sengi med sex and the city på HBO, to magasin og smågodt fram til eg ska på jobb i kveld. Slik blir det når ein er ferdig med dagens gjeremål før klokka 9. Fint med ferie, sa du? Jepp.

Latest instashots pt. iii

Fin tur, fin utsikt og fin dag

Tidleg kveld med macen og tv-seria i sengi

Dagfinn Lyngbø på puben! Haha.

Roleg kveld på jobb. Cola-korka.

Fekk valentinspakke. Perfekt.

#instagram #insta #mummikopp #fjelltur #cocacola #dagfinnlyngbø

In love



Kveldstur

Tok med meg denna finingen på ein liten kveldstur. No ligg han på golvet og snorka, medan eg ligg på sofaen i armkroken. Fin start på ei (forhåpentlegvis) fin veka.

#kveldstur #hund #påske #påsketur #fjelltur

Hair



Lie to me

Det er vel mange som begynna å gå "tom" for seria å sjå, særleg på Netflix. Difor tenkte eg å tipse om ein serie som eg har fått hekta på, nemleg Lie To Me. Kjærasten og eg starta på den heilt tilfeldig ein kveld me ikkje hadde noko anna å sjå på, og vart eigentleg ganske gira på å sjå meir av den. Kjærasten er desverre reist på arbeid no, men spørs om eg skal snike meg til å sjå eit par episoda før han kjem heim. 

Kort fortalt handlar serien om Dr. Lightman, som har spesialisert seg på å tolke ansiktsutrykk og mikroutrykk i ansiktet. Dette brukar han for å finne ut om folk lyg, for det meste. Dr. Lightman er ganske direkte, som gjer at det vert litt humor i serien og. Han vert leigd inn av mange forskjellige for å finne ut av forskjellige saker. Det er ein del som jobbar for han og, so i løpet av ein episode er det ofte to parallelle hendingar. Ein blir faktisk obs på forskjellige ansiktsutrykk etter å ha sett eit par episodar. 

Serien finn de på Netflix. Absolutt verdt å sjekke ut :-)

#lietome   #netflix   #tips   #anbefaling   #serier   #tv   #løgner

 

Mandag

Max ii






Tysdag

Tysdagar byrjar eg seint på skulen, so då har eg brukt å stått opp tidleg, reise på trening, ta ein lang og varm dusj, for so å nyte ein god frukost. Det same gjorde eg i dag, og spesielt god var frukosten. I går kveld bakte eg grovare horn, so eg varma meg nokre slike og lagde ein god smoothie! Tenkte å leggje ut oppskrifta mi på horna i kveld! No skal eg snart rusle ned på skulen, har heldigvis berre to timar i dag. Ha ein fin tysdag :-)

#trening   #frokost   #horn   #grovt   #smoothie   #skole   #bær   #hverdag

Monday



Søstrene Grene

Var ein kjapp tur på senteret i dag med mi kjære mor, og plukka med meg nokre fine ting på Søstrene Grene. 



 

Detta trur eg er verdas finaste skrivebøker! 

 

#søstrenegrenes   #nytt   #ugler   #kart   #verden   #bøker   #bilder   #polaroid   #newin

App-anbefaling: Been

Eg er veldig glad i å reise, og spesielt til nye plassar der eg ikkje har vore før. Eg er ikkje voldsomt bereist, men det kjem seg. Slik er det når familien er veldig glad i å reise på same plass kvar einaste ferie, noko eg er veldig lei av no. Eg tenkte å tipse dikka om appen "been". Der kan du leggje inn alle landa du har vore i, sortert etter verdsdelen det ligg i, so får du sett kor mange prosent av verda du har besøkt, og kor mange prosent av verdsdelane. Har du vore i for eksempel Stockholm, so vert heile Sverige rekna med. Difor er den litt unøyaktig, men kjekk likevel! 

Som de ser her so har eg vore i heile 4% av verda! Haha. 1% av Afrika, 0% av Asia, Amerika og Oseania, men heile 16% av Europa.  

Eg fekk pappa til å kryse av landa han hadde vore i, og han var oppe i nesten 20% av verda. Då kom sjalusien fort! Det same gjorde reiselysta. Eg lid av konstant reiselyst. 


Her ser de korleis avkryssinga fungera. Veldig enkelt og greit. 

 

#been   #reise   #app   #europa   #tips   #anbefaling   #verden   #afrika   #asia   #amerika

Fredagskveld

Denne fredagskvelden har eg og Max kosa oss aleine i leileheiten. Me har sove på sofaen og gått tur, med andre ord ein roleg og fin kveld. Eg skal på jobb om ein time, so det er godt å vere ferdig med alle gjeremåli allereie. No ligg Max på golvet og søv, medan eg kosar meg med ein kopp kakao i sofaen og ser på søppel-tv. Håpa de får ein fin fredagskveld :-)

#mummikopp   #mummi   #hund   #gåtur   #kakao   #pub   #jobb   #fredag   #helg

Calzone

I går bestemte eg meg for å prøve noko nytt til middag, nemleg heimelaga calzone. Det vart kjempesuksess, både hos meg og hos kjærasten. Lagde fire stk gigastore med pepperoni og chorizo inni. Kan absolutt anbefalast, dei var veldig mettande og ikkje minst gode på smak. Dei vart ikkje verdas finaste, men pyttsann. 

Visst du vil prøve sjølv, so brukte eg denna oppskrifti;
 
Deigen: (ps: eg dobla denna)
4dl kveitemjøl (eg bytta ut 1dl med grov sammalt kveite)
1.5 dl lunke vatn.
1 gjær
2 ss matolje
1/2 ts salt.

Fyll:
1 boks hakka tomate
1/2 glass tomatpure
Nokre dæsjar ketchup
Ferske basilikumblad
Basilikumkrydder
Oreganokrydder
2 Kvitlauksfedd
Litt salt og pepar
So mykje ost som du ynskjer (eg hadde litt ost på toppen av calzonen og)

So har du i det kjøttet, og so mykje som du vil ha av det, og rører til ei blanding. Del deigen i to, kjevle dei til avlange stykker og ha fyll på i midten. Brett langsida over, og vri om endane og brett saman kantane. La dei heve i ca 15 minutt før du steiker dei på 225 grader i 13-20 minutt :-) 

 

#calzone   #oppskrift   #mat   #pizza   #middag   #hjemmelaga   #pepperoni   #chorizo   #inspo

Musikk veke 8

Family of the Year - Hero
Kjærleik 

 

Martin Halla - Illuminate the Sky
Gladsang, som dei fleste har høyrt og lika.  

  

Maria Mena - Viktoria
Ååååhh, denna her syns eg er ein av dei finaste til Maria Mena.  

 

Seconhand Serenade - Your Call
Gammal, men fortsatt nydeleg.  

 



Daughter - Youth
Denna minne meg om verdens beste reklame av Widerøe! Den er so fin.  

 

#daughter   #seconhandserenade   #mariamena   #martinhalla   #hero   #kjærleik   #musikk   #tips   #wideroe

Smile today



Kveldskos

Denne dagen vart avslutta med ein lang gåtur, ein varm dusj og kosestund i sofaen. Perfekt spør du meg. 



#gåtur   #kakao   #mummi   #matilda   #hund   #kosestund   #hverdag   #roalddahl   #mummikopp

Norske hemmelegheitar

Forrige nettside eg tipsa dikka om var Helt Normalt på VG, og no har eg tenkt å tipse dikka om Norske Hemmeligheter! Dette er eigentleg berre ei nettside (evt. ein blogg) som eg brukar som tidsfordriv, men ein finn faktisk mykje ymse, mykje ein kjenne seg igjen i og mykje løge. Konseptet er kult, og bildene dei lagar til er kule. Eg vil sei at sida er verdt eit besøk i ny og ne :-)

#norskehemmeligheter   #hemmeligheter   #blogg   #bilder   #interessant   #norsk   #nettside   #tips

Max

Pannekake frukost

I dag vart det ein lat og lang morning, slik blir det når ein har fri heile dagen. Etter ei stund på sofaen med bok og kakao fant eg ut at eg skulle prøve å lage havregrynspannekake igjen, men denne gongen testa eg ei anna oppskrift. Eg blanda 2 egg, ei most banan, havregryn, kardemomme og kanel, og fekk 6 middels store pannekaker. Oppskrifta fant eg på Rikke (link) sin blogg, og dessa smakte mykje betre enn dei forrige. Spesielt gode med blåbærsyltetøy på! Anbefala å prøva dei :-)

#mat   #pannekaker   #havregryn   #food   #blåbær   #mummi   #oppskrift   #frokost

Snusfri

Hipp hurra! Slutta-appen fortalte meg at eg var flink, hihi. Vil ikkje sei det er soooo vanskeleg, ein må berre finna på andre ting å gjere. Ete drops for eksempel.

#snus   #snusfri   #slutta   #app   #touker   #flink   #fjorten

Childhood memories

Noko av det eg hugsa best frå barndommen min er Pokémon! Det var faktisk ingenting som var betre, eller lika bra, som det Pokémon var. Eg var gal etter Pokémonkort, Pokémonfigura, Pokémonspel på gameboy, Pokémonfilma og seria. Eg hadde til og med ein Pikachu-bamse som var litt lågare enn det eg va. Det beste med Pokémon var garantert å spele det på gameboy, spesielt Pokémon Red og Gold. Kor mange tima eg har brukt på Pokémon er uvisst, og det hadde kanskje vore skremmandes å fått vite det - for det er sinnsjukt mange. Her om dagen plukka eg faktisk opp DSen min, og byrja å spele Pokémon Pearl igjen, og so utrule kosele det var å få tilbake alle dessa minna. Pokémon er fortsatt best! Haha. 

Squirtle, Bulbasaus & Charmander
 

Detta "bilde" her seie faktisk ganske mykje om kor mykje tida har endra seg, og kor forskjellig barndom det går an å ha. Hadde eg fått valgt, hadde eg fortsatt valgt å hatt Pokémonkort istaden for alle dessa duppedittane.  

#Pokémon   #Barndom   #GameBoy   #Pikachu   #Facebook   #iPod   #DS

Breakfast

Klokka 05:00 var Max klar for å stå opp. Heldigvis var det ikkje meir enn ein luftetur som skulle til, før me sov i 5 timar til. Allereie klokka 11 hadde me ete god frukost med egg, bacon og smoothie og gått tur. No er eg på skulen, har berre to timar engelsk i dag. Ha ein fin dag!

Musikk veke 7

The 1975 - Chocolate
Det einaste eg har å sei om denne sangen er: ♥♥ 

 

Rise Against - Hero of War
Trist, fin og rørande sang. Får vertfall meg på gråten om eg høyrer godt etter! Fin film og.  

  

Of Monsters and Men - Little Talks
Likar du "Mountain Sound" av same bandet, likar du denne.  

  

Armin van Buuren - This is What it Feels Like
Tja, typisk glad sang? Fin partyfaktor og sing-a-long-effekt! 

 

The Spill Canvas - All Over You
Bra sang som har blitt spelt ein del i bilen, og naturlegvis kjekk å synge til. Haha.  

 

#musikk   #youtube   #spillcanvas   #riseagainst   #heroofwar   #1975   #chocolate   #alloveryou

Have a good day



Laurdag

Dagen vart starta med ein gåtur før klokka 10. Me har nemmeleg fått hunden til søskensbarnet mitt på besøk, sidan dei fer til syden i kveld. Halv 10 var Max meget klar for å gå ut, so då hadde me ikkje so mykje val. Etter det vart det frukost og sofachilling. So har me hatt besøk av Madelen, so ho har vore med å herja med Max. Elles har me ikkje gjort so mykje anna enn å sløva på sofaen, og godt er det. Eg skal på jobb klokka 23, so no blir det sofakos med Max, smågodtposen og ein episode eller to med Breaking Bad. Ha ein fin kveld!




I've missed you

Ska sei det va godt å sjå kjærasten igjen, og vite at han skal bli her ei lita stund vertfall. God helg!



Morgenstund

Eg starta denne dagen med å reise på trening med onkel klokka 09:00, og dreiv på i halvannen time. Kjekt med noken som pusha ein! Etter det køyrte eg han bort igjen og var der ei stund. So for eg på handling for å hamstre ting ein treng, mange fine tilbod ute å går (haha, no følte eg meg gammal...). So har eg eigentleg ikkje gjort noko anna enn å dusje og laga med banan-havregryn-pannekaker. Aldri smakt det før, men var godt det. Herregud so mettande det va! Eg lagde tre stk, og fekk berre i meg to av dei. Blir sikkert å laga det fleire gonga. 
 

No skal eg snart hente mamma på jobb. Ha ein fin dag, alle! 

#trening   #pannekaker   #mamma   #sunn   #lerum   #morgenstund   #tilbud 

Positive tankar

(Skrive den 05.02.14)

Eg er ikkje av typen som har trui på å setje seg nyttårsføresett i desember, som man skal halde i eit heilt år. Som regel er dei for "store" til at ein klarar å halde dei gjennom eit år, og då blir ein berre skuffa og oppgitt om det ikkje gjekk slik som ein hadde førestilt seg. Difor har eg sett meg eit lite mål, og ikkje eit nyttårsføresett. I 2014 skal eg klare å finne minst ein positiv ting med kvar einaste dag, og skrive det ned på ein lappe som eg merka med datoen. Alle desse lappane har eg lagt i ein kakeboks (ja, av alle ting! Det var det første som var tilgjengeleg), og det begynna å bli ein del.

Grunnen til at eg gjer dette er at eg vil begynne å fokusera mykje meir på det positive i kvardagen, og det å innsjå kor fantastisk bra eg faktisk har det, enn å tenkje på at kjærasten er vekke den og den dagen, eller at eg må på jobb sjølv om eg ikkje har lyst osv. Alt detta her er jo berre bagatella som eg syns det er unødvendig å bruke tid og energi på. So før eg skal leggje meg på kvelden so brukar eg nokre minutt på å tenkje gjennom kva som har vore kjekt eller positivt med denne dagen og skriv det ned. Som regel er det minst tre ting som havna på lappar, men det er jo berre kjekt. Eg kjenne at eg gler meg til å sjå kor mange lappa det blir til slutt, og til å lese igjennom dei! 

På dagens lappa skreiv eg at eg vart invitert på fiskebollemiddag (yndlingsretten min) hos tante, at eg reiste til tannlegen aleina for første gong i mitt liv (pingla, eg veit. hadde null hull!), at eg vart med onkel på trening klokka 9 i dag tidleg og at eg har spelt bingo med besta og søskenbarnet mitt. Det er små ting som skal til!

#positivitet   #tanker   #nyttårsforesett   #positiv   #hverdag   #fint

 

Musikk veke 6

Rudimental - Free. 
Denna sangen har eg høyrt på kvar dag frå den kom ut. Herre-gud for ein nydeleg sang, og ikkje minst fin film. Anbefala å sjå filmen medan du høyrer sangen (altso musikkvideoen.. haha), då kan eg love eit lite crush.

 

Alfred Hall - Safe & Sound.
Eg er so deprimert for at eg skal jobbe no fredag, for eg har veldig lyst på Alfred Hall på meieriet... Behageleg og fantastisk fin sang.  

 

Passenger - Holes.
Let Her Go var jo ein hit i sommar, og eg vil sei detta er ein fin nummer to!  

 

Kid Astray - The Best of Us. 
Eg har eit crush på Kid Astray for tida, og eg angra so på at eg ikkje reiste på konserten deira... Håpa dei kjem med fleire hits!  

 

The Lumineers - Stubborn Love.
Eit ord: fantastisk!  

 

#musikk   #kidastray   #passenger   #alfredhall   #rudimental   #free   #love   #thelumineers

Les mer i arkivet » April 2014 » Mars 2014 » Februar 2014
hits